About

Ja kven er eg ? Mjuke fakta er:

Bjørn Otto Wallevik, 1965 modell, son til Borghild og Osmund Wallevik. Vaksen opp på Kjepsohøgde, Ålvik, Hardanger i utkanten av Kvam Herad. Etternamn kjem frå ein gard i Ulvik, Hardanger (Vallavik) der far min voks opp. Stolt av mange ting bla. å være sonen til mor og far, å være far til 2 og at eg er barnebarn til Anders P. Wallevik, ein viktig fotograf som har dokumentert mykje av kvardagslivet i Hardanger kring fyrste halvdel av 1900 talet.

Bur i Ålvik, ei flott industribygd i Hardanger. Driv eit lydstudio, musikkar, snikkar, maskinarbeidar, vaktmeister, husfar og har tankar om ymse.

Musikkaren

Denne sida er eit ekspriment for å skape ei plattform for samarbeid og samtale i musikk. Fokus ligg gjerne i dag på internett som ein plass å legge ut musikk å få betalt (kanskje) og frykten for at nokon skal stjele musikken. Eg trur det ligg verdiar i mediet internett som må brukast på ein heilt anna måte en kva me tradisjonelt gjer.

Samfunnet …. og eg :-

Me lever ei tid der me treng å snu på steinar for å for å leggje merke til kva verdiar som er viktig og som gjerne treng meir fokus. Eg meiner at velstand gjer oss «slappe» og at det er med på å svekke vårt demokratiske system. Men viss ikkje me utrykkjer oss endrar ting seg seint. Me lever i eit tid som gjev oss verktøy til å påverke langt meir en tidlegare i historia. Brukar me denne mogligheita ? La oss prøve. Lett å klage eller rette negativ kritikk til dei som sit med makta når noko går galt. Nokre gonger er det bra å røske litt opp i gamle verdiar eller det me trur er verdiar berre fordi det alltid har vert slik.
Kvifor ein blogg då ? Ser av og til med skrå blikk på verden og har tankar om det. Kanskje nokon har interesse av det? Håpar det. Om du ikkje er enig er det greit. Bruk den krafta til å laga din eigen blogg.

Takk !

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

w

Koplar til %s